Fag
2007.11.15
Å vera i livet
Birgit Hvoslef Dahl

Den 18. november er det 100 år sidan Halldis Moren Vesaas vart fødd. Ho vekte alt oppsikt med debutsamlinga "Harpe og dolk", som kom ut i 1929, og ho vart med tida ein av våre mest folkekjære lyrikarar.




Foto: Reidar Peersen, Varden

Den siste diktsamlinga, "Livshus", som kom ut få veker etter at ho døydde i 1995, vart ein av dei mest selde diktsamlingane her i landet nokon gong. Halldis Moren Vesaas sa at "kjærleiken til alt det vi levande eig" kunne stå som ei line gjennom diktinga hennar, og ho skreiv då også om dei mest sentrale tema i menneskelivet: fødsel, kjærleik, samvær, død og natur.

Ho omsette godt over 50 skodespel til norsk, og for gjendiktingane av Shakespeare, Racine og Molière fekk ho mykje ros og fleire prisar. Halldis Moren Vesaas var også aktiv i det organiserte kulturlivet både på lokalt og nasjonalt plan gjennom nesten heile det 20 hundreåret.

Til hundreårsjubileet har sonen, Olav Vesaas, skrive ein biografi om henne, og på Nasjonalbiblioteket førstkomande laurdag, 17. november klokka 13.00, vil han fortelje om livet og diktinga til mor si.



Alle nyheter ...
Nasjonalbiblioteket | postboks 2674 Solli, 0203 Oslo | tlf.: 810 01 300 | postmottak