Fag
2007.12.07
Abel vel heime
Birgit Hvoslef Dahl

Unike Abel-manuskript kom torsdag heim til Noreg og vart deponerte i Nasjonalbiblioteket under ein høgtideleg seremoni der mellom andre forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland deltok.




Foto: Tonje Grave. Vigdis Moe Skarstein, Arild Stubhaug, Tora Aasland, Anne Melgaard og Alf Bjørseth samlea rundt Abel-manuskripta.

Under seremonien talte i tillegg gjevar Alf Bjørseth, visepreses i Det Norske Vitskapsakademiet Ole Didrik Lærum og nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein for eit fullsett auditorium. Det vart streka under at det er eit viktig kulturhistorisk og vitskapleg materiale som no har komme heim til Noreg. Dette har vorte mogleg gjennom ei større gåve frå Scatec AS ved Alf Bjørseth til Det Norske Vitskapsakademiet som kjøper og står som eigar av materialet. Heimkjøpet er gjort i samarbeid med Nasjonalbiblioteket som vil oppbevare og gjere manuskripta tilgjengelege.

Det var stor medieinteresse kring denne hendinga, og mellom andre NRK Dagsrevyen hadde eit lengre innslag om Abel-manuskripta. Innslaget startar om lag 20 min ut i sendinga. Sjå klippet her.

Regjeringen.no
Dagbladet



Alle nyheter ...
Nasjonalbiblioteket | postboks 2674 Solli, 0203 Oslo | tlf.: 810 01 300 | postmottak