Fag
2010.07.01
Bibliotekoppgåvene blir overført 1. juli
Tone Dahle

Kulturdepartementet overfører oppgåver og ressursar i ABM-utvikling til Nasjonalbiblioteket, Norsk Vitenskapsindeks og Norsk kulturråd.
Omorganiseringa er varsla i St. meld 20 (2009-10) Omorganisering av ABM-utvikling.



Gjennom omstillinga ønskjer regjeringa å etablere sterkare fagmiljø og styrkje forvaltning og rådgjeving på arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet. Målet er å leggje til rette for godt samarbeid og ei arbeidsdeling som kan gje gode løysingar for framtida.

Bibliotek
1. juli 2010 vert statlege bibliotekoppgåver i ABM-utvikling overført til Nasjonalbiblioteket. Medarbeidarar i ABM-utvikling som har dette som arbeidsområde vil frå same dato vere tilsett i Nasjonalbiblioteket.

Konsortie
1. januar 2011 blir oppgåvene knytt til konsortieavtalar mot universitets- og høgskolesektoren i ABM-utvikling overført til den planlagte publikasjonsdatabasen for universitets- og høgskolesektoren, instituttsektoren og dei regionale helseføretaka. Databasen skal kallas Norsk vitenskapsindeks (NVI) og skal inngå i eit større nasjonalt system for forskingsinformasjon (CRISTIN).

Medarbeidarar i ABM-utvikling som har dette som arbeidsområde vil frå same dato vere tilsett i Norsk vitenskapsindeks.

I samband med overføring av oppgåver og ansvar for bibliotekområdet hos ABM-U til Nasjonalbiblioteket vil det vere behov for ei ny teknisk løysning for behandling av søknader om tilskotsmidlar. Då Nasjonalbiblioteket har ei anna arkivløysning enn ABM-U gjerast det no tilpassinger slik at søkeprosessen skal gå som normalt. Einaste forskjell er at skjema som skal nyttast vil finnast på nb.no

St. meld 20 (2009-10) Omorganisering av ABM-utvikling.

Her finner du biblioteksidene til ABM-utvikling.



Alle nyheter ...
Nasjonalbiblioteket | postboks 2674 Solli, 0203 Oslo | tlf.: 810 01 300 | postmottak