Fag
2007.05.02
Forskar på etablering av norsk bokkultur
Espen Karlsen

Engelske Michael Gullick har i ein periode på tre veker vore gjesteforskar i Nasjonalbiblioteket. Han har gått gjennom ei stor mengd fragment av mellomaldermanuskript i NB og lokalisert dei i høve til opphavsland og dato, og til dels etter boktype.




Michael Gullick

Michael Gullick er utdanna kalligraf og bokbindar, og han har levert substansielle bidrag om bokbind og pergamentframstilling i mellomalderen. Mellom anna har Gullick publisert artiklar om engelske og franske skrivarar og skriptorium (skrivarverkstader) på 1000- og 1100-talet. Han har identifisert skrivarhendene til historikarane Eadmer av Canterbury, Symeon av Durham og Alexander Nequam. Gullick har òg tidlegare studert materiale frå NB si samling, og han har med arbeidet dei siste tre vekene no gått gjennom totalt 600 mellomaldermanuskript.

Middelaldermanuskript
Nyleg har Gullick publisert ein lengre artikkel om fragmenta i Riksarkivet i Stockholm og argumentert for at det vart produsert bøker i Sverige på 1100-talet. Elles har han har publisert ei rekkje viktige artiklar om skrifttypar og kodikologi (studiet av boka som fysisk objekt). I Nasjonalbiblioteket skal han arbeide med det eldste materialet vårt, det vil seie mellomaldermanuskript og fragment av slike manuskript, og sjå på kva dette materialet kan fortelje om korleis ein tidleg norsk bokkultur voks fram i perioden 1000-1300. Han er no interessert i å undersøkje kva det bevarte materialet kan seie om mogleg bokproduksjon i Noreg på 1000- og 1100-talet og den utanlandske påverknaden (England, Tyskland og Frankrike) på norske skrivarar.
Kvikne-psalteret
Gullick er særleg interessert i Kvikne-psalteret (Ms.8º 102) i Nasjonalbiblioteket, som han meiner vart skrive i Noreg på slutten av 1100-talet. Gullick meiner at han kan stadfeste at dette vesle handskriftet er den tidlegaste kjende norske boka. I samanheng med dette undersøkjer han fragmenta av mellomalderbøker i Riksarkivet. Mellom dei er det mange tidlege fragment som har eit ukjent opphav, men nokre av dei ser ut til å vere skrivne i Noreg.



Alle nyheter ...
Nasjonalbiblioteket | postboks 2674 Solli, 0203 Oslo | tlf.: 810 01 300 | postmottak