Fag
2007.09.10
Fotografi av Axel Lindahl
Torun Jahrnes

Nasjonalbiblioteket har i år kjøpt kring 150 enkeltfotografi og to album med fotografi av Axel Lindahl frå Samlersenteret.




Foto: Birgit Hvoslef Dahl

Axel Lindahl (1841-1906) var ein svensk fotograf som i mange år budde og arbeidde i Noreg. I løpet av 1880- og 1890-åra gjorde han fleire lange reiser i Noreg og fotograferte naturen med fjell, isbrear, dalar og kyst, menneske i arbeid med jordbruk og på fiske, menneska si fritid, tettstader, skysstasjonar og enkeltgardar, kommunikasjonsmiddel som båtar og hestevogner osb. Totalt gir dette eit svært godt bilete av Noreg på slutten av 1800-talet. På denne tida var originale papirfotografi eit massemedium i seg sjølv, før postkorta og amatørfotografia konkurrerte dei ut. Fotografia hadde i si tid ein eineståande stor distribusjon og er i dag attraktive som samlarobjekt.

Lindahl innleidde tidleg eit forretningssamband med firmaet Rich. Andvord i Christiania som selde Lindahl sine fotografi. I ”Katalog over Norske prospekter fotograferede af Axel Lindahl” gitt ut av Rich. Andvord i 1897(?) blir 3248 + 46 fotografi av Lindahl omtalte.
Enkeltfotografia som Nasjonalbiblioteket no har kjøpt, inneheld alle typar bilete. Dei to originale albuma som vart gitt ut av Rich. Andvord, var visingsalbum som vart nytta for å fremje salet. Her er ikkje berre enkeltbileta interessante, men sjølve samanhengen bileta står i i albuma. Albumet ”Jotunheimen” inneheld 32 fotografi frå ulike stader i fjellheimen. Albumet ”Troms og Finmarken” inneheld 102 fotografi frå stader som Lyngen, Ulfsfjorden, Tromsø, Hammerfest mfl. i tillegg til mange flotte fotografi av samar.



Alle nyheter ...
Nasjonalbiblioteket | postboks 2674 Solli, 0203 Oslo | tlf.: 810 01 300 | postmottak