Fag
2007.02.05
Kulturministeren presenterte millioninvestering
Merethe Myrvang

Kulturminister Trond Giske viste i dag fram Nasjonalbiblioteket si nyinnkjøpte "Liber chronicarum cum figuris et imaginibus" av Hartmann Schedel fra 1493. Den sjeldne Nürnberg-krønika er ei av dei mest vidgjetne og verdfulle bøkene i verda.




Foto: Morten Aamot Kristiansen
Hartmann Schedel sitt verdskart baserte seg på kva ein visste om geografi frå antikken si tid - ny kunnskap var ikkje kommen med, mellom anna blir Sverige framstilt som ei øy. Boka er det første trykte verket der Noreg er omtala.

Stor investering


Foto: Tonje Grave
Kulturminister Trond Giske og nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein studerer den meir enn 500 år gamle boka.

Nasjonalbiblioteket kjøpte inkunabelen da han vart lagt ut for sal hos Kunstantikvariat PAMA nyleg. Innkjøpet representerer ei stor investering for Nasjonalbiblioteket. I utgangspunktet var prisen 1,6 millionar kroner, og det harmonerer med internasjonal marknadspris. Nasjonalbiblioteket fekk likevel forhandla verket ned til 1,4 millionar, og det er ein svært god pris i høve til andre kjende selde eksemplar av same eller dårlegare kvalitet. Boka er rekna som ei av dei mest verdfulle inkunablane etter Gutenbergs bibel. Det finst ikkje kjende tilsvarande eksemplar i Noreg.

Fleire bilete frå boka finn du her.



Alle nyheter ...
Nasjonalbiblioteket | postboks 2674 Solli, 0203 Oslo | tlf.: 810 01 300 | postmottak