7. september blir Oslo Kulturnatt arrangert. Nasjonalbiblioteket held dørene opne til midnatt og byr på eit variert program med musikk, litteratur, teiknekonkurranse og rebusløp.

foto: singingwhale macbook
Rockettothesky står for eitt av dei musikalske innslaga i Nasjonalbiblioteket under Oslo Kulturnatt.
7. september har alle som bur i Oslo eller er på besøk i hovudstaden høve til å oppleve mangfaldet og breidda i kulturlivet i byen.
I Nasjonalbiblioteket startar kvelden med rebusløp for dei minste - kven finn Pippi sin gullskatt? Legg du turen opp trappa blir det mogleg å fordjupe seg i materiale som handlar om nordområda. Forfattarane Bjarte Breiteig og Carl Frode Tiller les frå dei nyaste bøkene sine, og for dei musikkinteresserte blir det Grieg-konsert med Per Vollestad og Sigmund Hjelseth før Rockettothesky og Jenny Hval avsluttar kvelden med ein musikalsk forundringspakke. Sjå detaljert program.
Her kan du lese meir om Oslo Kulturnatt og sjå programmet for Kulturnatta.