Fag
2008.09.24
Mangfaldig kulturnatt i Nasjonalbiblioteket
Nora Haneborg Finne

Programmet for den tredje kulturnatta i Nasjonalbiblioteket står i mangfaldet sitt teikn. Vi inviterer folket i byen til å sjå kortfilmar, forfattaropplesingar og små og store konsertar.




Det blir òg høve til å ta ein titt bak kulissene. Vi viser fram bileta, freskane, bøkene og dei indre gemakka i Nasjonalbiblioteket. Omvisinga blir avslutta i Norsk barnbokinstitutt med gamle barnebokskattar og utstilling.

Litteratur og musikk
På lesesalen blir det litteratur og musikk. Den samiske forfattaren Sigbjørn Skåden vart i 2007 nominert til Nordisk råds litteraturpris. Oslos første fribyforfattar frå 2001-2003, Soudabeh Alishahi, er opphavleg frå Iran, men no busett i Oslo. Stian Carstensen akkompagnerer med balkanske rytmar. Saman skaper dei liv i lesesalen denne mangfaldskvelden.

Sjå fullstendig program påwww.nb.no/kalender/. Alle arrangementa er gratis.



Alle nyheter ...
Nasjonalbiblioteket | postboks 2674 Solli, 0203 Oslo | tlf.: 810 01 300 | postmottak