Nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein skal leie eit ope møte om ulovleg handel med kulturarv den 17. januar. Møtet blir arrangert av Den norske UNESCO-kommisjonen, Norsk ICOM, ABM-utvikling og Nasjonalbiblioteket.

Møtet blir arrangert i samband med at Noreg har ratifisert UNESCO sin Konvensjon om ulovleg handel, import og eksport av kulturgjenstandar (UNESCO 1970) og innført nye reglar for inn- og utførsel av kulturarv. Formålet med møtet er å kaste lys over juridiske og etiske sider ved handel, import og eksport av kulturarv, og å diskutere praktiske og organisatoriske problem med å hindre slik handel. I tillegg til representantar frå Den norske UNESCO-kommisjonen, ABM-utvikling og Norsk ICOM, vil òg Økokrim, Riksantikvaren, antikvitetsbransjen og reiselivsbransjen vere representerte.
Møtet blir halde torsdag 17. januar 2008 kl. 10 – 16 på Kulturhistorisk museum, Frederiks gate 2 i Oslo.
Du finn meir informasjon på UNESCOs sider