Med fotografi frå Nasjonalbiblioteket si samling som ein viktig del av scenografien, har teaterpublikum i London fått eit innblikk i det eventyrlege livet til Fridtjof Nansen.

Teaterstykket Fram er skrive av den britiske dramatikeren Tony Harrison. I artikkelen Fram og Nansen på The National Theatre i London, henta frå siste nummer av NB21, fortel Harrison om kvifor det var så viktig å bruke Nansens eigne fotografi frå hungerskatastrofen i Russland på scenen.
Ønskjer du å få framtidige utgåver av NB21, anten i trykt eller elektronisk form, send namn og adresse til informasjon@nb.no. Du kan og laste ned magasinet på nb.no/nb21