Måndag 30. mars vart Euklids "Elementa Geometrica" (1482) presentert på eit miniseminar i Nasjonalbiblioteket. Euklids geometri på latin "Elementa Geometrica" trykt av Erhard Ratdolt i Venezia i 1482 er ei bokhistorisk perle og ei av dei kanoniske skriftene innanfor naturvitskapen.

Euklids Elementa Geometrica frå 1482 er den tidlegaste systematiske læreboka i gresk matematikk (ca. 300 f.Kr.). Boka var ein milepæl i boktrykkarhistoria fordi ein her for første gong greidde å framstille geometriske figurar på trykk.
I seminaret heldt forskingsbibliotekar Espen Karlsen ein presentasjon av boka frå bokhistorisk synsstad, medan matematikar Nils Voje Johansen gav ein faghistorisk presentasjon av verket.
Elementa Geometrica er den sist innkjøpte paleotypen i Nasjonalbiblioteket, og blir stilt ut fram til og med laurdag 4. april i Nasjonalbiblioteket i Henrik Ibsens gate 110. Les meir i kalenderen.
Den digitale versjonen av boka blir presentert på terminal ved sida av utstillingsmonteren, men du kan òg lese den digitale boka her: Euklids Elementa Geometrica