Jubileumsåret for at Henrik Wergeland vart fødd, går mot slutten. 13. november arrangerer Wergeland 2008 seminar og konsert rundt Wergeland sin tekst Skabelsen, Mennesket og Messias.

Design: Anna Aune, Hei!
Det heile startar med seminar på Senter for studier av holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) om Skabelsen, Mennesket og Messias. Det såkalla verdsdiktet til Wergeland er godt kjent, men lite lese. Seminaret tek sikte på å svekkje myten om at verket er uleseleg. Førsteamanuensane Jørgen Sejersted, Hallgeir Elstad og Tore Lindholm vil i innlegga sine gi inngangar til Skabelsen, Mennesket og Messias ut frå skiftevis eit litterært, eit teologisk og eit samfunnsetisk perspektiv. Professor Vigdis Ystad leier ein samtale med føredragshaldarane kring verket.
Les meir om arrangementet på nettsida til Wergeland 2008.