Sidan nyttår har Nasjonalbiblioteket arbeidd med å etablere Språkbanken, og han har no fått ei eiga nettside, sjå www.språkbanken.no. Den 17. juni arrangerer Nasjonalbiblioteket avsparkseminar for Språkbanken.
I stortingsmelding nr. 35 (2007-2008) Mål og meining – ein heilskapleg norsk språkpolitikk stadfesta regjeringa at etablering av ein norsk språkbank var eit sentralt språkpolitisk satsingsområde. I budsjettproposisjonen for 2010 fekk Nasjonalbiblioteket i oppdrag å setje Språkbanken ut i praksis.
Ein språkbank er ei samling digitale språkressursar, dvs. store samlingar av tekst og opptak av naturleg tale, i tillegg til meir strukturerte produkt som elektroniske ordbøker og applikasjonar til å handsame språklege data maskinelt.
Ressursane er altså laga for maskinell bruk, og funksjonen til Språkbanken er å vere ein teknologisk infrastruktur for forsking og utvikling. Han skal forme grunnlag for utvikling av datateknologiske produkt og løysingar som prosesserer anten talt eller skrive språk. Døme på dette er talegjenkjenning (datamaskina skriv det ein les inn i ein mikrofon), talesyntese (datamaskina les ei tekst høgt), retteprogram og maskinassistert omsetjing.
For å få til dette, er det naudsynt å ha tilgjenge til store mengder elektronisk tekst og/eller tale for å produsere statistikk som er påliteleg nok til å lage stabile løysingar. Det er òg viktig å ha elektronisk lagra informasjon som kan fortelje datamaskina korleis alle ord vert uttalde, dvs. ei elektronisk ordbok (ei database), med detaljert informasjon om tilhøvet mellom bokstavar og korleis dei vert uttalde.
Typiske brukarar av Språkbanken vil vere firma innan IKT-bransjen, offentlege og private verksemder som arbeider med effektivisering av t.d. informasjonstenester og utforming av IKT-løysingar som kan brukast av alle uavhengig av funksjonsnivå, og forskarar innanfor språkteknologi og språkvitskap.
Den 17. juni arrangerer Nasjonalbiblioteket avsparkseminar for Språkbanken. Målgruppa er potensielle brukarar av han. Les meir om seminaret og Språkbanken generelt på www.språkbanken.no.