Roald Stensby, ein av de største norske rockesongarane på 1950-talet, har donert privatarkivet sitt til Nasjonalbiblioteket. Samlinga omfattar mellom anna plakatar, billettar, reklamemateriell, avisklipp, og fotografi med vekt på perioden 1958-1960. Den mangfaldige samansetjinga av ulike kjeldetypar er med på å gi eit unikt bilete av artisten Roald Stensby og den pionertida han var ein del av.

Ved sida av rockeartistar som Per Harald ”Rocke-Pelle” Hartvig (1938-1980), Per ”Elvis” Granberg (1941-1980) og Jan Rohde (1942-2005), var Roald Stensby (1940-) ein av dei mest framståande pionerane i norsk rock på 1950-talet. Stensby voks opp på Sagene i Oslo, og tok til å syngje med bandet Rockin’ Jailers i 1958. Bandet starta med å øve på ein ungdomsklubb i Møllergata 2, betre kjend som ”Toern”, men fekk etter kvart kontrakt med talentbyrået Inter Scala. Allereie i 1959 vart Stensby nummer to i Oslo-meisterskapet i rock – etter Little Sofus – men vann no noregsmeisterskapet og det nordiske meisterskapet som etterpå vart halde på Jordal Amfi.