Fag
2009.10.30
Ved Observatoriet – Vitskapshistorisk kollokvium
Øivind Berg

I Nasjonalbiblioteket sin vitskapshistoriske kollokvieserie, ”Ved Observatoriet”, føreles tysdag 3. november Astrid Lorenz om "Observatoriet – bygget og innbyggjarane"



Føredraget finn stad tysdag 3. november kl 13.00-15.00.


Det Astronomiske Observatorium, litografi av P.F. Wergmann, datert 1837. Eigar: Nasjonalbiblioteket.

Astrid Lorenz:
Observatoriet – bygget og innbyggjarane
Professor Christopher Hansteen flytta med familien sin inn i det nyleg oppførte astronomiske observatoriet på Solliløkka i Christiania i 1833.

Observatoriet vart både eit vitskapleg sentrum og ein møtestad for den kulturelle og intellektuelle eliten på den tida. Her møttest J.S. Welhaven og Camilla Collett og kjende vitskapsmenn som H.C. Ørsted og J.J. Berzelius, og her opptredde ballettmeisteren Bournonville med ensemblet sitt.

Litteraturforskaren Astrid Lorenz gir eit lite innblikk i livet bak dei tjukke veggene på Observatoriet, både i kvardag og fest. Ho har tidlegare skrive om fleire av kvinnene i Hansteen sin familiekrins: dottera Aasta Hansteen, søstera Conradine Dunker og hennar dotter Vilhelmine Ullmann, kvinner som alle markerte seg i norsk kultur- og samfunnsliv på midten av 1800-talet.

Det siste kollokviet for i haust vil ha følgjande bidragsytar og tema: 1. desember: Anne Lise Seip: Johan Sebastian Welhaven



Alle nyheter ...
Nasjonalbiblioteket | postboks 2674 Solli, 0203 Oslo | tlf.: 810 01 300 | postmottak