Irlands president, Mary McAleese og mannen hennar, Dr. Martin McAleese, og det norske kongeparet var tysdag på besøk i Nasjonalbiblioteket. Her fekk gjestene sjå og høyre materiale etter folkemusikkgranskar Ole Mørk Sandvik (1875-1976).
Presidentparet og kongeparet signerte Nasjonalbiblioteket si gjestebok da dei kom og vart deretter viste inn i eit fullsett auditorium. Nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein ønskte vel møtt og den irske professoren Séamas Ó Catháin presenterte Ole Mørk Sandvik i ord og bilete. Etter musikalsk innslag ved irske musikarar vart gjestene inviterte inn i Nasjonalbiblioteket sitt gamle auditorium for å sjå og høyre materiale etter Sandvik.
Både presidentparet og kongeparet viste stor interesse under presentasjonen av materiale og var godt nøgde med besøket.
![]() Foto: Cornelius Poppe/ Scanpix |
![]() Foto: Cornelius Poppe/Scanpix |
![]() Foto: Cornelius Poppe/Scanpix |