I 2008 skal heile landet feire ei av kjempene i norsk kultur- og samfunnsliv: Henrik Wergeland som vart fødd i Kristiansand 17. juni 1808. Nasjonalbiblioteket har saman med Riksarkivet og Eidsvoll 1814 fått ansvaret for at feiringa får nasjonale dimensjonar.

Litografi av Henrik Wergeland, D. Arnesen del L. Kornerup lith, Em. Bærentzen & Co lith. Inst, utgitt av Chr. Tønsberg
Saman har dei tre institusjonane oppretta jubileumsprosjektet Wergeland 2008. Eitt av dei store jubileumsprosjekta er å etablere ein eigen nettstad der vaksne og barn, lek og lærd skal kunne møte og bli kjende med diktaren, samfunnsaktøren og mennesket Henrik Wergeland.
Denne nettstaden -wergeland.no - blir utvikla gjennom eit samarbeid mellom Wergeland 2008 og Vest-Agder fylkeskommune. Opninga skjer 22. januar 2008. Inntil da kan du lese meir om Wergeland-året her.