Henrik Wergeland er kjend som den norske nasjonalpoeten framfor nokon annan. Men like viktig som den nasjonale tilknytinga hans, er den europeiske samanhengen som verka hans er ein del av. Wergeland 2008 arrangerer 28.-29. mai seminaret "Wergeland og Europa" under Norsk litteraturfestival på Lillehammer.

Litografi av Henrik Wergeland, laget ved Em. Bærentzen & Co lith. Inst i København
Torsdag 29. mai er det føredrag og paneldebattar med leiande fagpersonar, før seminaret blir avslutta med ei førelesning av Wergeland-biograf og historikar Odd Arvid Storsveen kl 19.00 på Lillehammer bibliotek. Sjå fullstendig program hos Wergeland 2008.
Wergeland 2008 er eit samarbeidsprosjekt mellom Riksarkivet, Eidsvoll 1814 og Nasjonalbiblioteket.