2007.12.06
Abel-manuskript heim til Noreg
Birgit Hvoslef Dahl

Nasjonalbiblioteket har i dag fått ei samling unike handskrivne manuskript etter matematikaren Niels Henrik Abel.




Foto: Georg Kristiansen. Abel-manuskripta.

Blant materialet som blir overlevert finn vi Abels Recherches sur les fonctions elliptiques, Note sur quelques formules elliptiques, og Recherches sur les fonctions elliptiques. Da desse manuskripta vart offentleg tilgjenglege i 1902, var det ein internasjonal sensasjon. Særleg det eine har stor verdi for Abel sitt livsverk.

Bortsett frå nokre brev som Abel skreiv frå utanlandsopphalda sine, m.a. til sin tidlegare matematikklærar Bernt Holmboe og til professor Christopher Hansteen, finst det få handskrifter etter Abel i Noreg. Det er svært viktig at vi no får fleire faglege originalskrifter etter den første og ein av de største vitskapsmennene som Noreg har fostra. Nasjonalbiblioteket vil no syte for at dei blir oppbevarte i eit miljø med optimale bevaringsforhold og sikring og samtidig bidra til at kunnskapen om innhaldet i materialet blir gjort tilgjengeleg for publikum.


Litografiet er laga etter ei teikning av Johan Gørbitz (1782-1853), gitt ut på C. Henckels lithogr. Kunstanstalt. I samlinga til Nasjonalbiblioteket.

- Nasjonalbiblioteket skal vere nasjonen sitt minne, og det inneber både å ta vare på og formidle den norske kunnskaps- og kulturarven, seier nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein. - I eit slikt perspektiv er det vesentleg at Nasjonalbiblioteket har materiale, og kunnskap om materiale, frå alle fagdisiplinar. I tillegg til at dette Abel-materialet har stor verdi som ein sentral del av den norske kunnskaps- og kulturarven, er det viktig for Nasjonalbiblioteket at samlinga blir supplert med viktig materiale også innanfor matematikken, seier ho.

Institut Mittag-Leffler og Kungl. Vetenskapsakademien i Stockholm har lagt til rette for at originalmanuskripta no kan bli kjøpte tilbake til Noreg. Dette har vorte mogleg gjennom ei større gåve frå Scatec AS ved Alf Bjørseth til Det Norske Vitskapsakademiet, som kjøper og står som eigar av materialet. Heimkjøpet skjer i samarbeid med Nasjonalbiblioteket som vil oppbevare og gjere manuskripta tilgjengelege. Dette skjer i samanheng med 150 årsjubileet til Det Norske Vitskapsakademiet.

Niels Henrik Abel vart fødd 5. august 1802 og var andre barnet til sokneprest Søren Georg Abel og Anne Marie, fødd Simonsen. Som student utmerka Abel seg innan matematikken, og ved hjelp av eit stipend fekk han i september 1825 høve til å reise til København, Berlin og seinare Paris. Abel kom tilbake til Noreg i mai 1827, men døydde av tuberkulose 6. april 1829, berre 26 år gamal. Les meir om Abel her.



Alle nyheter ...