2008.04.28
”Beacon for freedom of Expression” utgangspunkt for internasjonalt ytringsfridomsseminar.
Tonje Grave

Nasjonalbiblioteket, ved Vigdis Moe Skarstein , Marianne Takle og Tove Jareld, deltok sist veke på eit internasjonalt seminar om ytringsfridom og informasjonstilgang ved biblioteket i Alexandria.




Nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein saman med styreleiar Helge Sønneland (t.h) og Ismail Serageldin, direktør for biblioteket i Alexandria. Foto: Tove Jareld

Styremøte
Moe Skarstein var i Egypt saman med Marianne Takle og Tove Jareld, som driv det kontinuerlege arbeidet med ytringsfridomsdatabasen ”Beacon for Freedom of Expression,” som Nasjonalbiblioteket har ansvaret for. Den nettbaserte, bibliografiske databasen som inneheld informasjon om sensurerte artiklar og bøker, er støtta av Kultur- og kyrkjedepartementet og vart dedikert til biblioteket i Alexandria da det opna i 2003.

Samlinga i Alexandria var det andre møtet i det internasjonale styret (leia av Helge Sønneland og med medlemene Andreas Føllesdal frå Institutt for menneskerettar, leiar av biblioteket i Alexandria Ismail Seragelding, professor Paul Sturges og Vigdis Moe Skastein) som vart etablert for å revitalisere arbeidet med ytringsfridomsdatabasen etter at Nasjonalbiblioteket overtok ansvaret for å administrere han i 2007.

(For meir informasjon om databasen, sjå artikkel om førre møte i det internasjonale styret som fann staed i Oslo: Beacon for freedom of expression)

Ytringsfridomsseminar
I samband med styremøtet inviterte direktøren for biblioteket i Alexandria, Ismail Serageldin, òg til ein internasjonal konferanse med ytringsfridom og informasjonstilgang som tema. Mellom innleiarane på konferanse var styreleiar i Beacon for freedom of Expression, Helge Sønneland frå Kultur- og kyrkjedepartementet, Vigdis Moe Skarstein frå Nasjonalbiblioteket i Noreg og Jan Henningsson frå Det svenske instituttet i Alexandria i tillegg til ei rekkje egyptiske intellektuelle. – Det er fint at databasen òg generer auka merksemd og medvit kring desse viktige spørsmåla, seier Vigids Moe Skarstein som òg vart intervjua på egyptisk nasjonalt fjernsyn etter seminaret.

Nasjonalbiblioteket i Kairo
Etter seminaret besøkte den norske Nasjonalbibliotekaren det egyptiske nasjonalbiblioteket i Kairo. Nasjonalbiblioteket i Egypt har ønskt å etablere ein samarbeidsavtale med det norske nasjonalbiblioteket. Vigdis Moe Skarstein besøkte Nasjonalbiblioteket i samband med at Nasjonalbiblioteket si utstilling ”Ibsens kvinner” gjesta Egypt i Ibsen-året 2006, og vart no ønskt velkomen til vidare dialog om utsiktene for utveksling mellom de to nasjonalbiblioteka.



Alle nyheter ...