Den svenske riksbibliotekaren, Gunnar Sahlin, er i dag på besøk ved Nasjonalbiblioteket i Rana saman med andre representantar frå Kungl. biblioteket i Stockholm.

Delegasjonen frå Kungl. biblioteket i Stockholm på omvising i automatlageret.
Formålet med besøket er mellom anna å sjå korleis det norske nasjonalbiblioteket gjennomfører digitaliseringsprogrammet i praksis. Gjestene vart i dag vist rundt i lokala til Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana av nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein. Dei fekk mellom anna sjå det heilautomatiske anlegget for uttak og lagring av materiale. Automatlageret utgjer ein viktig del av infrastrukturen i digitaliseringsprogrammet til Nasjonalbiblioteket.
- Vi står overfor mange av dei same utfordringane og vil derfor ha nytte og glede av å utveksle røynsler på mange område, seier Moe Skarstein. Delegasjonen frå Stockholm skal vere i Rana i to dagar.