Nasjonalbiblioteket, i samarbeid med Pax forlag, gir no ut Jon Hellesnes : en kronologisk bibliografi over forfatterskapet 1956-2009, som nr. 11 i serien Nasjonalbibliotekets bibliografier. Det er Svein Sundbø som har skrive bibliografien.

Svein Sundbø
Foto: Ketil Born
Bibliograf Svein Sundbø lanserer boka i dag under seminaret ”Filosofi i vår tid”, arrangert av Laurdagsakademiet på Voss. Svein Sundbø har sidan 1999 publisert ei rekkje bibliografiar over kjende norske samfunnsforskarar i denne serien; Gunnar Skirbekk, Hans Skjervheim, Rune Slagstad, Johan Vogt, Dag Østerberg, Thomas Mathiesen, Nils Christie og i 2007 Arne Næss, har alle fått bibliografiane sine. Dei vil etter kvart bli gjort digitalt tilgjengelege.
Bibliografien Jon Hellesnes : en kronologisk bibliografi over forfatterskapet 1956-2009 er å få kjøpt i Nasjonalbiblioteket.
Svein Sundbø har skrive eit bio-bibliografisk føreord om Jon Hellesnes. Det kan ein lese her.