2008.11.24
bokhylla.no
Kristin Hagelid

Under arbeidstittelen bokhylla.no skal litteratur frå 1790-åra, 1890-åra og 1990-åra bli gjort tilgjengeleg i digital form. Nordområdeprosjektet er eit samarbeid der Nasjonalbiblioteket og norske rettshavarar har gjort litteratur tilgjengeleg på nett i fulltekst. No får pilotprosjektet ein oppfølgjar.




NFFs generalsekretær Trond Andreassen og nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein
Foto: Tonje Grave

Evalueringa av nordområdeprosjektet viser at tenesta er godt besøkt, og under seminaret "Den lange halen" på bokmessa kunne nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein og generalsekretær i NFF, Trond Andreassen, avsløre at prosjektet skal få ein oppfølgjar.

Under arbeidstittelen bokhylla.no skal all norsk litteratur frå tre tiår bli digitalisert og gjort tilgjengeleg på nett. Mens litteratur frå 1790- og 1890-åra stort sett har falle i det fri, er litteraturen frå 1990-talet opphavsrettsleg verna under åndsverklova. Kulturminister Trond Giske har sett ned eit utval som skal sjå på vederlagsprinsipp for at åndsverk blir gjort tilgjengelige på nett, og målet er at utvalet skal komme til semje om utrekning av vederlag for prosjektet innan 1. februar 2009.

Evalueringsrapporten om Nordområda kan du lese her.



Alle nyheter ...