Gjennom konvertering av informasjon frå ein eldre database, blir Nasjonalbiblioteket si store tidsskriftsamling no meir tilgjengeleg for publikum.

Kristin Elster og Dag Mørk i Nasjonalbiblioteket gler seg over at fleire tidsskrift no blir lettare tilgjengelege for publikum.
Nasjonalbiblioteket har den største samlinga i landet av tidsskrift. Samlinga omfattar om lag 1,5 millionar hefte og spenner frå tidsskrift trykt på 1600-talet og fram til dei aller nyaste utgjevingane. Samlinga inneheld mellom anna av generelle, faglege og vitskaplege tidsskrift, vekeblad, medlemsblad, teikneseriar og soknerådsblad.
Inntil no har informasjonen om tidsskrift produserte fram til 1995 vore lagra i ein database som ikkje har vore tilgjengeleg for publikum. Når data no blir flytta over til Bibsys, vil alle som ønskjer det kunne søkje i Nasjonalbiblioteket si tidsskriftsamling. Konverteringa vil òg lette arbeidet Nasjonalbiblioteket har med å digitalisere samlinga.