Nasjonalbiblioteket si utstilling "Ibsens kvinner" er i desse dagar på veg ut av Nasjonalbiblioteket. Etter ei særs vellykka og godt besøkt utstilling sender Utanriksdepartementet no utstillinga i Ibsens spor gjennom ei rekkje land før ho blir avslutta i det praktfulle biblioteket i Alexandria i slutten av oktober 2006.
"Ibsens Kvinner" har vore ein publikumssuksess, og eit publikum på kring 7000 personar har i løpet av vinteren sett utstillinga. Første utstillingsstad etter Nasjonalbiblioteket blir i det nye Stadtarchiv i Dresden. Utstillinga vil bli vist i Dresden i perioden 1. juni – 30. juni 2006. Etterpå blir utstillinga frakta til det staselege Kungliga Myntkabinettet i Stockholm (vis à vis det Kungliga slottet) og stilt ut i sommarperioden 13. juli til 3. september 2006.
I slutten av april opnar den neste utstillinga i Nasjonalbiblioteket: "Original Ibsen/Ibsen original ". Utstillinga viser mellom anna spesielle og sjeldne Ibsen-fotografi og karikaturar, originalbrev og dessutan Ibsen sitt originalutkast til Vildanden.