2007.11.13
”Knitrepop fra Rykestrasse 68”: Konsert med Hanne Hukkelberg
Birgit Hvoslef Dahl

”Knitrepop med jazzrusk i lomma” er omtalen den kritikarroste artisten Hanne Hukkelberg sjølv har brukt om musikken sin. På det siste albumet hennar, Rykestrasse 68 (2006), er det eit halvt års opphald i Berlin som særleg har påverka ”knitrepopen”. Resultatet er eit lokkande knippe cinematiske melodiar der det bur alt frå sprettballar og gamle sykkeleiker til malande kattar!




Foto: Colin Eick

Torsdag 15. november speler Hanne Hukkelberg konsert i Nasjonalbiblioteket i samband med utstillinga "Jeg har en koffert i Berlin".

Billettar til konserten
Fordi det ikkje er så mange plassar, vil det bli delt ut billettar til publikum som skal på gratiskonsert med Hanne Hukkelberg i Nasjonalbibliotekets auditorium torsdag 15.11. Billettane vil piblikum få ved inngangen til Auditoriet frå og med kl. 18.00 same dag - ein time før konsertstart.

Dei som ikkje får billetter kan vi dessverre ikkje sleppe inn i konsertlokalet. Dette er på grunn av brannvernforskriftene.



Alle nyheter ...