2008.10.16
Kulturministeren opnar fotoutstilling
Tonje Grave

Torsdag 16. oktober opnar kulturminister Trond Giske fotoutstillinga "80 millioner bilder - Norsk kulturhistorisk fotografi 1855-2005".




Ahmad Faiz, Botanisk hage, Oslo 1976. Fotograf: Syed Mujahid Ali.

Utstillinga er ein del av Mangfaldsåret 2008, og presenterer over 800 fotografi frå 48 private og offentlege långjevarar.
80 millioner bilder – Norsk kulturhistorisk fotografi 1855-2005 tek utgangspunkt i dette mangfaldige kulturarvmaterialet og viser fotografiet som ei gjennomgripande kraft i det norske samfunnet, og kva verdi fotografiet har historisk, sosialt og estetisk.

Prosjektet er initiert av Nasjonalbiblioteket og Preus museum, det nasjonale museet for fotografi, og består av to utstillingar og ei bokutgjeving. Nasjonalbiblioteket viser fotografi frå 1855 til 1905. Preus museum viser fotografi frå 1905 til 2005. Boka viser bilete frå heile perioden 1855-2005.

Det er òg laga ein digital presentasjon av materialet: http://www.nb.no/pm/80millionerbilder/

Sjå programmet for utstillingsopninga.



Alle nyheter ...