Trond Giske vil stå for den offisielle opninga av fotoutstillinga "80 millioner bilder" i Nasjonalbiblioteket 16. oktober. Utstillinga viser kvardagsfotografi frå norske arkiv og samlingar frå perioden 1855 - 2005.

Preus museum og Nasjonalbiblioteket samarbeider om utstillinga som ein del av Mangfaldsåret. Rundt rekna 80 millionar bilete finst no i norske arkiv og samlingar, både offentlege og private. Utstillinga rettar eit friskt blikk på dette unike kulturhistoriske materialet. Publikum får høve til å sjå bidrag frå arkiv og samlingar frå heile landet; utstillinga i Nasjonalbiblioteket i Oslo dekkjer tidsperioden 1855 - 1905, mens utstillinga i Horten dekkjer tida frå 1906 - 2005.
Utstillinga i Nasjonalbiblioteket blir opna kl. 15.00. Det blir sett opp buss til Horten. Utstillinga ved Preus museum opnar kl. 19.00 same dag.