2006.06.28
Nasjonalbiblioteket etablerer eiga avdeling for fag og forskning
Tonje Grave

Nasjonalbiblioteket etablerer i desse dagar ei ny avdeling for å vidareutvikle rolla som forvaltar og formidlar av norsk kultur- og kunnskapsproduksjon. – Med utgangspunkt i den unike samlingsbreidda vår og ut frå mandatet og samfunnsrolla vi har, er det naturleg at vi har ei eiga forskingsavdeling, seier nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein.



Den nye avdelinga skal leggje til rette for forskarar frå andre institusjonar som har behov for materialet og kompetansen i Nasjonalbiblioteket. - Men i nokre tilfelle vil vi òg drive eige forskingsarbeid, seier Moe Skarstein.

Forsking i Nasjonalbiblioteket
Nasjonalbibliotekaren nemner kunnskapsorganisering, attfinning, nettverksbygging og formidlingspedagogikk i den digitale tidsalderen som nokre område Nasjonalbiblioteket kan drive eiga forsking på. – Vi erfarer til dømes at det er stor etterspørsel knytt til kunnskapen vår om datasortering, og må sørgje for å oppretthalde og styrkje kompetansen vår på dette området for også å kunne stå til teneste for andre, seier Vigdis Moe Skarstein. Ho strekar under at Nasjonalbiblioteket òg skal ha solid tverrfagleg kompetanse. – For at vi skal kunne yte så gode tenester som mogleg til fagmiljøa, er det nødvendig at vi har spisskompetanse innanfor alle disiplinane. Derfor arbeider vi no med å styrkje dei områda der vi ikkje har, eller ikkje har tilstrekkeleg mange medarbeidarar i høve til forskings- og undervisningsmiljøa sine behov, seier hun.  

Ny forskingsdirektør 
Den auka satsinga på fag og forsking kjem til å prege heile Nasjonalbiblioteket, men for å sikre varig og systematisk arbeid på området, blir det nå òg etablert ei eiga avdeling for fag og forsking.

Leiinga for denne avdelinga får eit overordna ansvar for å utvikle Nasjonalbiblioteket sin fag- og forskingsstrategi. Han eller ho får òg eit spesielt ansvar for å byggje opp Nasjonalbiblioteket sine samlingar og sjå til at vi utnyttar den nære kontakten medarbeidarane våre har til materialet til å leggje til rette for forsking i samlinga.

- Vi søkjer ein person som sjølv har forskarkompetanse, kjennskap til bibliotekområdet og gode føresetnader for å leie ei avdeling som står overfor store og spennande utfordringar ved inngangen til det 21. hundreåret, avsluttar ho.

Les meir om stillinga som Avdelingsdirektør - Avdeling for fag og forsking.



Alle nyheter ...