2008.11.19
Nasjonalbiblioteket på Bokmessa 21.-23. november
Tonje Grave

21.-23. november blir Bokmessa arrangert på Lillestrøm. Her vil det bli seminar, debattar, lanseringar, presentasjonar og boksal, og Nasjonalbiblioteket deltek med stand og seminar.




Foto: Fridtjof Nansen

”Den lange halen” fredag 21. november kl. 16:15-17:00

 

Kva skjer når 6300 opphavsrettshavarar går saman med Nasjonalbiblioteket for å gjere opphavsrettsverna materiale tilgjengeleg på nett? Trond Andreassen, generalsekretær i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, og nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein presenterer røynslene etter eitt og eit halvt år med Nordområdeprosjektet på bokmesse-seminaret på Lillestrøm 21. november. Dei to vil òg fortelje om planane for vidare samarbeid.

Bokmessa blir arrangert på Norges varemesse, Lillestrøm, 21.-23. november. Sjå heile programmet for Bokmessa her:www.bokmessa.no



Alle nyheter ...