2007.11.26
Nytt NB21
Merethe Myrvang

Eit nytt, fyldig nummer av Nasjonalbiblioteket sitt fagmagasin, NB21, er no under produksjon. Ønskjer du å bestille magasinet, send e-post til informasjon@nb.no




Den andre utgåva av NB21 vil vere ferdig siste halvdel av desember. Fag og forsking er eit sentralt tema i den kommande utgåva. I magasinet vil du både finne artiklar skrevne av NB sine eigne medarbeidarar og bidrag frå andre sentrale aktørar som arbeider med formidling av kompleks informasjon.

Nasjonale jubileum og markeringar, Mangfaldsåret, nordområda og samarbeidsprosjekt mellom Nasjonalbiblioteket og opphavsrettshavarar om fulltekstpublisering av nordområde- tekstar, bibliografisk arbeid og ytringsfridom er andre sentrale tema det blir kasta lys over.

Lesarar som tidlegare har fått NB21, vil denne gongen òg få sendt magasinet kostnadsfritt i posten. Nye lesarar kan bestille magasinet ved å sende ein e-post til informasjon@nb.no



Alle nyheter ...