2006.06.12
Odd Nansen si dagbok til Nasjonalbiblioteket
Oddvar Vasstveit

Nasjonalbiblioteket har fått i gåve frå Marit Greve dagboka til far hennar, Odd Nansen, som han førte på Grini 1942-43 og i Sachsenhausen under resten av krigen.



Allereie frå første dag i fangenskap skreiv han utførleg med nesten utruleg flid og uthald om livet i konsentrasjonsleiren. Hans eigne opplevingar og refleksjonar vekslar med skarpsynte, ofte humoristiske skildringar av medfangar og fangevoktarar. Fangetilverets djupaste redsle er også med i det biletet han teiknar, men får aldri dominere.

Under opphaldet på Grini vart dagboksblada smugla ut etter kvart, sånn at familien til forfattaren kunne følge med i kva han opplevde innafor murane. Dagboka frå Sachsenhausen vart også redda, men på eit meir utspekulert vis. Den einaste private eigedelen fangane alltid fekk ha med seg var ei lita brødfjøl med namnet til eigaren rissa inn. Sidan Odd Nansen ei stund var tilsett på snekkeriet i leiren kunne han ved hjelp av utstyret der lage brødfjøler med holrom som passa akkurat til storleiken på dei små lauvtynne papirarka som dagboka vart skive på med ørlita skrift. Etter kvart vart det laga seks slike brødfjøler til utvalte fangekameratar, og slik tok dei med seg dagboka heim etter krigen.

Odd Nansen si dagbok vart utgjeve i 1947, men då med ikring to tredjedelar av teksta utelate. Derfor er det eit kjeldeskrift av stor interesse som no innlemmast i Nasjonalbiblioteket si handskriftsamling.

 



Alle nyheter ...