2009.10.13
Originalfoto av Amundsen på Sørpolen funne i Australia
Kristin Hagelid

Nyhendet om at det var funne eit ”lite brunt bilete” har gått jorda rundt. Forskingsbibliotekar Harald Østgaard Lund ved Nasjonalbiblioteket har vore i Australia og sett nærare på det einaste kjente originalfotografiet av Roald Amundsen og mennene hans framfor teltet på Sørpolen i 1911.




Illustrasjon frå Johan Austbø sin biografi om "Olav Bjåland : idrottsmann og polfarar", 1945.
Bjåland var fotografen på Sørpolen i 1911 og den første til å sakne fotografiet allereie i 1913.

Østgaard Lund fann det skanna fotografiet på nettet blant hundrevis av meir eller mindre omforma reproduksjonar. Utsnitt og fargetone tyda på eit anna opphav enn dei mange rasterte reproduksjonane vi kjenner i Noreg. Det australske nasjonalbiblioteket stod for ein omstendeleg og presis katalogisering av fotografiet med proveniens og dimensjonar, og i tillegg datering av framkalling og kopiering. Det var dette som stadfesta at det kunne vere kopiert direkte frå negativet. Det viste seg at biletet låg i eit privat fotoalbum med tittelen ”Tasmanian Viewes”, ått av det australske nasjonalbiblioteket. Det var nemleg i Hobart på Tasmania Amundsen fekk filmane framkalla og kopierte i mars 1912.

Østgaard Lund seier at funnet av fotografiet er viktig fordi det representerer eit sakna ledd i danninga av eit nasjonalt ikon. Dette har dessutan i lang tid vore det mest etterspurte biletet frå Nasjonalbiblioteket. Albumet ”Tasmanian Viewes” med det ”vesle brune biletet” er planlagt lånt ut til ei utstilling i Nasjonalbiblioteket kalla «Det norske polarheltbiletet» i 2011.

Les presseoppslag:

Aftenposten

NRK

Fotografi.no

ABC News - abc.net.au

The Sydney Morning Herald - smh.com.au



Alle nyheter ...