2005.08.12
Partia sine internettsider blir lasta ned
Geir Gisnås

”Om hundre år er allting glemt”, skreiv Knut Hamsun for vel 100 år sidan. Det stemmer ikkje lenger. For no sørgjer Nasjonalbiblioteket for at mesteparten av valkampen i år blir samla inn og teken vare på for ettertida gjennom ei storstilt nedlasting av nettstader frå Internett.



Nasjonalbiblioteket har no starta ei nedlasting av nettstader (filer) som handlar om stortingsvalet i år. Den komplette innhaustinga ein starta med innleiingsvis dreier seg om kring 100 000 filer og 10 GigaByte med data. Nedlastinga skal vare til midt i september.

Nasjonalbiblioteket starta innhaustinga med å laste ned alle internettsidene for 22 av dei 23 politiske partia i Noreg. Eitt parti, Samfunnspartiet, har inga heimeside. Valsidene i Dagens Næringsliv, VG, Dagbladet og Aftenposten blir òg lasta ned.

I tillegg til den totale nedlastinga som har skjedd innleiingsvis, vil Nasjonalbiblioteket gjennomføre daglege nedlastingar av framsida og dei viktigaste nyhendesidene fram til midten av september. Innhausting skjer automatisk frå det norske .no-domenet. Nedlasting av internettsidene til dei politiske partia har òg skjedd tidligare år, men aldri med eit slikt volum som no.

- Først gjennomførte vi ei komplett innhausting av nettstadene til alle partia. Deretter freistar vi å gjere daglege innhaustingar av nye artiklar som blir lagt ut, ved å ta utgangspunkt i opningssidene, eventuelt også opningssider til partia sine fylkeslag for dei fylkeslaga som har slike sider.  Vi tek òg med dei nyhendesidene som finst hos nettstadene. Desse daglege innhaustingane er avgrensa til å hauste inn berre eitt nivå med lenker, slik at storleiken på desse sidene vil vere berre ein brøkdel av dei komplette innhaustingane, fortel Knut Tore Breivik i Team vevinnhausting ved Nasjonalbiblioteket.

- Til slutt vil vi gjere ei ny komplett innhausting 15. september for å vere trygge på at vi får med oss det meste av det som har vorte publisert.

Nedlasting av dei politiske sidene er berre ein del av den totale nedlastinga som Nasjonalbiblioteket utfører. Totalt reknar ein med at det er over 100 millionar sider på ”.no”. Nasjonalbiblioteket tek sikte på å laste ned mesteparten av dette i løpet av året. Sidene blir lagra i Digitalt sikringsmagasin (DSM) som ligg i Nasjonalbiblioteket sitt klimaregulerte sikringsmagasin inne i fjellet i Mo i Rana. Dei nedlasta sidene vil ikkje vere tilgjengelege for folk flest, men dei er tilgjengelege for forsking og dokumentasjon i lokala til Nasjonalbiblioteket.

- Det er viktig at Nasjonalbiblioteket samlar inn og tryggjer den moderne norske kulturarven frå Internett for kommande slekter før denne arven forsvinn. Ei internettside har i gjennomsnitt berre kring 80 dagars levetid. Det er grunnen til at Internett av somme blir karakterisert som ”det største minnetapet i verda”, fortel Jonny Edvardsen, direktør for divisjonen Samlingar og bibliografiske tenester.

Etter at Internett tok til å bli allemannseige midt på 90-talet har mange sider vorte laga – og gått tapt. Dette gjeld mellom anna for dei største nettavisene der dei første nettsidene ikkje lenger kan finnast att.

Nasjonalbiblioteket har heimel for nedlastinga i ”Lov 1989-06-09 nr 32: Lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument”, og dette gjeld òg internettdokument og sider på Internett. http://www.pliktavlevering.no/



Alle nyheter ...