Forlagsdirektør i Det Norske Samlaget, Tove Lie, og nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein signerer i dag 9. desember avtale om digital pliktavlevering. – Samlaget har vore ein viktig pådrivar i dette arbeidet, og vi set derfor ekstra stor pris på at forlaget no sluttar seg til avtalen som Forleggerforeningen har utarbeidd for medlemane sine, seier nasjonalbibliotekaren.

Forlagsdirektør Tove Lie og nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein signerer avtale om digital avlevering. - Ei naturleg utvikling, seier Lie.
- Dette er viktige avtalar, mellom anna fordi dei vil gjere forlagsarkiva mykje tryggare, og dermed tryggjer dei òg den kulturarven vi har i Nasjonalbiblioteket, sa kulturminister Trond Giske da Forleggerforeningen og dei tre første forlaga signerte avtalen tidlegare i haust.
Forlagsdirektør Tove Lie trekkjer fram det same perspektivet når ho forklarer kvifor Samlaget ønskjer å levere digitalt til Nasjonalbiblioteket: - De har teke fatt i ei stor og viktig oppgåve med å bevare og systematisere materialet digitalt, og det betyr større tryggleik for oss i Samlaget at dette blir gjort på ein god måte. Til no har vi levert fysiske eksemplar til Nasjonalbiblioteket. Det er ei naturleg utvikling at vi no òg leverer digitalt, seier Tove Lie og får støtte av nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein.
- Arbeidet med å ta vare på kulturarven blir enklare når vi òg får digitale eksemplar. Når vi slepp å digitalisere fysiske kopiar frigjer det og ressursar som vi kan bruke til å digitalisere anna materiale som ikkje er "fødd digitalt, " som til dømes eldre bøker, og det kan forlaga òg ha fordel av, seier Skarstein.