NRK og Nasjonalbiblioteket markerte denne veka at det er ti år sidan dei to institusjonane etablerte det første digitale radioarkivet i Europa. No startar arbeidet med å få fjernsynsprogram sendt på datafiler og lagra digitalt i Nasjonalbiblioteket.

Hans-Tore Bjerkaas og Vigdis Moe Skarstein. Foto: Oddbjørn Holgersen, NRK
Kringkastingssjef Hans- Tore Bjerkaas meiner det er naturleg at dei to samfunnsinstitusjonane samarbeider om dette arbeidet. -Vi har jo til oppgåve å ta vare på det historiske materialet begge to, og dersom vi kan samarbeide og leggje kreftene saman, så trur vi at det både er rasjonelt og at det vil tryggje kvalitet, sa han under ein konferanse om samarbeidet denne veka.
Kringkastingssjefen er glad for å byggje vidare på samarbeidet som vart etablert om det digitale radioarkivet. – Det gode samarbeidet mellom NRK og Nasjonalbiblioteket har gjort det mogleg for oss å byggje opp eit digitalt radioarkiv som er eineståande i europeisk samanheng. Samarbeidet er god utnytting av offentlege ressursar, fastslår Bjerkaas.
Arkivsjef i NRK, Bjarne Grevsgaard, legg til at løysinga òg er med på å heve kvaliteten på NRK sine program fordi journalistane på kort varsel kan hente fram digitalt arkivmateriale til bruk i sendingane. Tilsvarande fordelar er med mogleg å oppnå for fjernsynsmateriale dersom det blir innført digital avlevering av fjernsynsmateriale. Nasjonalbiblioteket vil òg få stor fordel av at fjernsynsmateriale blir sendt digitalt, seier nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein. – Vi har kompetanse og teknologi til å ta vare på alt som blir produsert for det offentlege rommet i alle materialtypar, og med digital pliktavlevering av fjernsynsmateriale, vil vi utvide kunnskaps- og kulturarven i Nasjonalbiblioteket og kunne bidra til å gjere endå meir av han lettare tilgjengeleg, seier ho.
Vigdis Moe Skarstein viser til at røynslene frå radioarkivet, der 100.000 timar radiolyd er digitalisert og kan bli gjort tilgjengeleg i samarbeid mellom NRK og Nasjonalbiblioteket, viser at digital avlevering legg til rette for auka bruk av materialet. – NRKs kanal ”Gull” er jo eit godt døme på dette, avsluttar ho.
Samarbeidet om digitalt radioarkiv og digital avlevering av fjernsynsmateriale er òg omtalt her:
TV Norge
NRK-Nordland
Enebakkavis
Bok og Bibliotek