2008.04.15
Startskot for digital avlevering av fjernsynsprogram
Merethe Myrvang

Tysdag 15. april markerer NRK og Nasjonalbiblioteket at det er ti år sidan samarbeidet om å opprette det første digitale radioarkivet i Europa vart inngått. No startar dei to institusjonane eit samarbeid om avlevering og bevaring av fjernsynsprogram i digital form.




I ti år har NRK sendt lydband til Nasjonalbiblioteket i Rana for digitalisering. I sikringsmagasinet blir både dei originale lydbanda og datafilene bevarte for ettertida.

Tysdag 15. april markerer NRK og Nasjonalbiblioteket at det er ti år sidan samarbeidet om å opprette det første digitale radioarkivet i Europa vart inngått. No startar dei to institusjonane eit samarbeid om avlevering og bevaring av fjernsynsprogram i digital form.I ti år har NRK sendt lydband til Nasjonalbiblioteket i Rana for digitalisering. I sikringsmagasinet blir både dei originale lydbanda og datafilene bevarte for ettertida. Kringkastingssjef Hans Tore Bjerkaas og nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein vil begge vere til stades i Nasjonalbiblioteket i Rana når det ti år lange samarbeidet mellom NRK og Nasjonalbiblioteket blir markert i dag. Nasjonalbiblioteket har sidan 2000 digitalisert lydband frå det historiske radioarkivet i NRK.

Pionerprosjekt vekkjer internasjonal oppsikt Radioprogramma blir bevarte for ettertida i digitale masselager i biblioteket sitt sikringsmagasin i fjellet i Mo i Rana. Herfrå kan NRK-tilsette med eit tastetrykk på ein PC laste ned dei lydfilene som dei treng i produksjonen, og Nasjonalbiblioteket kan stille materialet til disposisjon for forsking og dokumentasjon. Samarbeidet har vekt internasjonal oppsikt, og er eit døme på korleis Nasjonalbiblioteket gjennom samarbeid med andre institusjonar tryggjer kulturhistorisk viktig materiale for ettertida og gjer det tilgjengeleg for forsking og dokumentasjon i samtida.

Også fjernsyn over nett Røynslene hausta gjennom digitaliseringa av radioarkivet, i tillegg til digital pliktavlevering av radiosendingar, har gjort det mogleg å ta eit steg vidare no: I løpet av april/mai vil opptak av NRK1, NRK2 og NRK3 bli avleverte til Nasjonalbiblioteket som datafiler over nett. Filene vil bli bevarte i det digitale sikringsmagasinet. Digital avlevering av fjernsynsprogram vil gjere det radikalt mykje betre å søkje og finne fram i innhaldet frå NRK sine sendingar, og det vil vere til nytte for brukarar, forskarar og andre som Nasjonalbiblioteket skal yte tenester til.



Alle nyheter ...