Nasjonalbiblioteket har oppretta eit fagleg råd som skal sikre at Språkbanken er i kontinuerleg kontakt og dialog med ulike aktørar i marknaden og fagmiljøa.
Mandatet til rådet er å vere ein arena som syter for informasjonsutveksling mellom relevante institusjonar og aktørar. Rådet skal slik bidra til å kartleggje brukarbehov, til å prioritere mellom desse behova, og det skal ha ein strategisk og fagleg retningsgjevande funksjon i spørsmål om vidareutvikling og utbygging av Språkbanken. Rådet skal òg sikre at Språkbanken vert bygd ut i tråd med rådande språkpolitiske føringar. Sjå heile mandatet.
Rådet er samansett av representantar frå universiteta i Bergen, Oslo og Tromsø, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Noregs forskingsråd, Telenor, IBM og Språkrådet, samt ein representant for Nasjonalbiblioteket. Medlemmene er:
Rådet vil møtast minst to gonger i året.